
Klippetoppen for november 2015!
I november har klippetoppen blitt nærmast dominert av klima. Folk har gått i klimamarsj over heile landet og fleire har vore i avisa fordi dei skal til klimaforhandlingane i Paris.
I Akershus har dei delt ut boller til folk som tar toget, i Rogaland har dei reagert på folkefest for oljå. I Nordland og Finnmark har dei søkt på blokker i 23. konsesjonsrunde, og i både Oppland og Finnmark har dei fått presseklipp på at dei har starta opp nytt lokallag.
Kven har gjort det best denne månaden?
På delt tridjeplass med 4 presseklipp ligg:
Oppland og Troms!
På ein delt andreplass med 6 presseklipp kvar ligg:
Rogaland og Finnmark!
Og på ein fyrsteplass med 7 klipp er:
Møre og Romsdal!
Møre og Romsdal har no nådd 200% av målet sitt! Kanskje målet skal bli litt høgare til neste år?
Har du presseklipp som kanskje ikkje dukkar opp på vårt medieovervakingssystem? Hugs å senda inn presseklipp som kanskje ikkje registreres til infosek@nu.no
Sjå korleis ditt fylke har gjort det så langt i år:
Fylke | Antall klipp | Mål | Måloppnåing i % |
Akershus | 22 | 24 | 92% |
Aust-Agder | 9 | 12 | 75% |
Buskerud | 4 | 12 | 33% |
Finnmark | 24 | 24 | 100% |
Hedmark | 42 | 72 | 58% |
Hordaland | 12 | 36 | 33% |
Møre og Romsdal | 24 | 12 | 200% |
Nord-Trøndelag | 4 | 12 | 33% |
Nordland | 23 | 60 | 38% |
Oppland | 5 | ||
Oslo | 11 | 30 | 37% |
Rogaland | 35 | 30 | 117% |
Sogn og Fjordane | 13 | 22 | 59% |
Sør-Trøndelag | 4 | ||
Telemark | 21 | 48 | 44% |
Troms | 34 | 28 | 121% |
Vest-Agder | 2 | 5 | 40% |
Vestfold | 15 | 22 | 68% |
Østfold | 19 | 60 | 32% |