Klippetoppen for mars 2016

02.04.2016 av Sandra Butoyi

Kampen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja har starta. I Oppland og Troms har lokallag vore på årsmøtene til sine respektive fylkeslag i arbeiderpartiet og aksjonert for at dei skal vedta eit varig vern av områda, og i fylker frå heile landet har det blitt arrangert vardebrenning for saka.

I Troms har dei arrangert folkemøte om strukturering av fiskeflåta, i Hedmark har Elverum blitt vakna til liv igjen og Horten og Sandefjord Natur og Ungdom har vunnet pris for arbeidet sitt. I Finnmark har dei kritisert KrF for å kritisera Sametingets vedtak om å gå i mot gruvedrift ved Repparfjord og i Telemark har dei aksjonert for at fleire skal køyre buss.

Kva fylke har gjort det best denne månaden?

På tredjeplass med 4 klipp ligg:

Telemark!

På andreplass med 5 klipp har me:

Hedmark!

Og på fyrsteplass med 6 klipp er:

Troms!

Gratulera til Troms, det er kjempebra jobba!

Hugs at klippetoppen er tilbake neste månad, med nye moglegheiter til å få ditt fylke på toppen!

Ikkje all presse dukkar opp i vårt medieovervakingssystem. Er du usikker på om det dukkar opp, så send ein e-post til infosek@nu.no for å sikre at det blir registrert.

Lurar du på kor mange presseklipp ditt fylke har samanlagt så langt i år? Her er lista:

Akershus 3
Aust-Agder 3
Buskerud 1
Finnmark 10
Hedmark 19
Hordaland 1
Møre og Romsdal 7
Nord-Trøndelag 3
Nordland 3
Oppland 1
Oslo 4
Rogaland 4
Sogn og Fjordane 7
Sør-Trøndelag 1
Telemark 15
Troms 14
Vest-Agder 2
Vestfold 15
Østfold 3