Silje Lundberg foran aksjonister i Vevring ved Førdefjorden 2012. Foto: Anton Hauan / Natur og Ungdom

Ikkje gjer fjordane til søppeldynger!

01.02.2013 av Sandra Butoyi

"Våre vakre fjordar er noko av det vi i Noreg set aller høgast. No ønskjer Nordic Mining å dumpe avfallet frå gruvenæringa si i Førdefjorden, ei vestlandsperle. Ekspertisen seier nei, men vil Miljøverndepartementet lytte" skriv Gaute Eiterjord i Rogalands Avis og Stavanger Aftenblad denne veka.

Lesarinnlegget stod i Rogalands Avis 30. januar og Stavanger Aftenblad 1 februar.

Våre vakre fjordar er noko av det vi i Noreg set aller høgast. No ønskjer Nordic Mining å dumpe avfallet frå gruvenæringa si i Førdefjorden, ei vestlandsperle. Ekspertisen seier nei, men vil Miljøverndepartementet lytte?

I Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane vil gruveselskapet Nordic Mining utvinne mineralet rutil. Dei har søkt om å få deponere avfallet i den nærliggande Førdefjorden. Avfallet frå gruvedrifta vil utgjere eit lastebillass kvart minutt i femti år, og fjorden ved deponiområdet vil bli halvparten så djup som han er i dag, frå 250 til 150 meter. Miljøverndepartementet sit i dag og vurderer å gi Nordic Mining løyve til sjødeponi i Førdefjorden. Får dei ja, vil det vere ein miljøkatastrofe utan like.

Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord, og har eit sprudlande sjøliv. I tillegg til laksen finst det også elvemusling, kysttorsk, svampartar og kveite i det sårbare økosystemet, som også inneheld andre dyr og plantar som er utrydningstruga.

Avfallet frå gruva vil vere svært skadeleg for livet i fjorden. Den kolossale mengda med stein vil utslette livet på botnen av fjorden der deponiet er, og når livet på botnen døyr, blir heile næringskjeda råka. Kjemikalia som blir brukt ved sjødeponi er svært helseskadelege, og dei kan vere kreftframkallande for fisken. Lausmassar som kan bli virvla opp av sterke havstraumar vil utgjere ein stor trugsel for både fisk og fiskeyngel.

Havforskingsinstituttet har utalt at avfallsdumpinga kan føre til at livet i fjorden døyr ut i fleire tiår. Fjordane våre er i dag truga naturtypar, og Førdefjorden er ein av dei reinaste me har. Korleis vil han vere om Nordic Mining får lov til å gjere han til avfallsplass?

Førdefjorden er ikkje den einaste truga fjorden i landet. Gruveindustrien ei næring i rask vekst, og om ein seier ja til å bruke Førdefjorden som avfallsplass, vil det bli aktuelt i andre fjordar også. Avgjerda om Førdefjorden vil setje standarden for handtering av avfall frå gruver, og avgjere framtida til fleire av våre flotte fjordar. Kva spor skal Noreg vere på? Omsynslaus rasering av natur, eller ansvarleg, berekraftig og langsiktig naturforvalting?

Noreg er eit av berre fem andre land i verda som tillét sjødeponi. Blant desse landa er me også det aller verste. I dei andre landa, som på Papa Ny-Guinea, dumpar dei nemleg frå 1000 til 2000 meter under havoverflata. Til samanlikning skal avfallet i Førdefjorden dumpast på 250 meters djup. Andre store gruvenasjonar, som USA, Kina og Australia, tillét ikkje sjødeponi, men har funne andre løysingar. Ein kan etterfylle gruvene med avfall, resirkulere avfallet og bruke det, eller ha deponi på land. Kvifor skal me då gå for den verste løysinga? Noreg ei sinke på avfallshandtering frå gruver, og det må det gjerast noko med!

Fjorddeponiet til Nordic Mining vil gjere Førdefjorden til ein avfallsplass, og det ville vore ein katastrofe for livet i fjorden. Ikkje berre er fjorden svært utsett og verdifull, men dette vil setje standarden for alle framtidige gruveprosjekt i Noreg. Det er ikkje utan grunn at dei aller fleste land i verda forbyr slik gruvedumping. Natur og Ungdom meiner at Noreg heller må finne andre måtar å handtere avfall frå gruveindustrien på, slik at naturen kan sameksistere med næringa utan å bli hardt råka. Noreg kan ikkje vere ei verdssinke – me kan ikkje gjere våre flotte fjordar til søppeldynger!

–          Gaute Eiterjord, Rogaland Natur og Ungdom