Fylkesleiar i Rogaland NU, Gaute Eiterjord overrekk underskriftane til fylkesordførar Janne Johnsen (H). Foto: Jonas Harr Friestad/Stavanger Aftenblad

Ei legendarisk feilprioritering

10.12.2013 av Sandra Butoyi

Eit fleirtal i fylkestinget har idag ilagt ungdom bota for sin eigen uvettige pengebruk i tillegg til å ha torpedert kollektivsatsinga si.

Pressemelding frå Rogaland Natur og Ungdom 10.12.13

Dyrare buss er ein legendarisk feilprioritering

Tysdag 10. desember blei det bestemt at bussprisane skal aukast frå 1. januar 2014. Rogaland Natur og Ungdom leverte 1709 underskrifter til ungdommen i førekant av møtet til fylkestinget mot prisauken. Leiar av Rogaland Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, meiner prisauken var ein legendarisk feilprioritering:

– Med dei nye bussprisane lar fylkespolitikarane ført av Høgre, FrP og KrF ungdommen få svi for sin eigen uvettige bruk av pengar. Ikkje berre det, men politikarane har torpedert si eiga kollektivsatsing. Er dette tida – når me absolutt treng at fleire reiser kollektivt – for å legge inn årene og nedprioritere kollektivtransport? Vedtaket i dag er ein legendarisk feilprioritering.

For tre år sidan vedtok fylkespolitikarane eit mål om at andelen som reiser kollektivt i Rogaland skulle aukast til 15 % i 2015 frå dagens 6 % (http://www.nrk.no/rogaland/nedgang-tross-kollektivsatsningen-1.10997299). Nå blir dette målet vanskelegare å nå ifølge:

– Det vil truleg bli færre som reiser kollektivt nå, og eg skulle likt å vite korleis fylkespolitikarane har tenkt å nå målet sitt – 15 % er over dobbelt så mange enn dei som reiser kollektivt i dag! Den rette vegen å gå er billegare buss og ei utvida aldersgrense for kor lenge ein kunne bruke ungdomskortet – men her er det altså det stikk motsette som skjer.

Han meiner dei 1709 underskriftene Natur og Ungdom hadde samla inn var eit klart teikn på motstanden blant unge mot prisauken, og at dei nå er svikne av fylkespolitikarane. Han er særleg opprørt over Høgre, som går imot programmet dei gjekk til val på i 2011, kor det står «Pris for Ungdomskort skal fryses på 300 kroner» (http://www.hoyre.no/www/hoyre_der_du_bor/rogaland/program_2011-2015/).

– Ungdommen me hadde bak oss opplevde det som grov dobbeltkommunikasjon frå politikarane å snakke om «kollektivløft» og samstundes auke prisane. Ungdom treng ein rimeleg pris for å reise kollektivt – det ser ein klart frå andre fylke! Særleg Høgre burde skamme seg for å setje opp prisen – dei gjekk til val på dette!