
Uttalelse: Nei til utviding av Flesland lufthamn!
Natur og Ungdom samla til landsmøte i Fredrikstad 5.-8. januar 2013 krev at Stortinget ikkje tillet utviding av Flesland lufthamn i Nasjonal Transportplan (2014-2023). Klimaproblemet krev at ein satsar på heilheitlege transportløysingar som gjev låge utslepp. Planvedtak i Bergen kommune legg til rette for ei dobling av flytrafikken på Flesland innan 2040. Dette er ikkje i semje med lokale og nasjonale mål for redusering av klimagassutslepp. Auka flytrafikk kan ikkje realisere lågutsleppsamfunnet, det er jernbane som er ein del av løysinga.
Transportsektoren står for ein tredjedel av Noregs klimagassutslepp, og her står flytrafikken for ein betydeleg del. FNs klimapanel fastslår at for å nå togradarsmålet må utsleppa av klimagassar nå toppen i 2015. Kutt av utslepp i transportsektoren er eit av dei viktigaste tiltaka for å nå måla om redusering av klimagassutslepp. Klimaforliket i Stortinget fastslår at all trafikkvekst i byane skal skje gjennom kollektivløysingar, sykkel og gange for å hindre vekst i utsleppa. Transporten mellom dei store byane må også følgje dette prinsippet.
Transportetatane sitt føreslag til Nasjonal Transportplan inneheld bygging av ein ny terminal som skal stå klar i 2016. Denne kjem til å auke kapasiteten med 1,2 millionar reisande per år. Dette er første utbyggingstrinn i Avinor sine planar for å doble passasjertalet innan 2040. Bergen kommune godtok dette då dei vedtok den nye reguleringsplanen som legg til rette for utbygging av Flesland. Hordaland Natur og Ungdom klaga inn dette vedtaket. Dersom Avinor får gjennomslag for sine planar i NTP vert det lagt opp til utslippsvekst etter 2015, noko som strid med tilrådingane frå klimapanelet til FN.
Viss dei reisande vert dobbelt så mange vil dei nye utsleppa tilsvare alle planlagde kutt i Bergen kommune. Ved ei utbygging vil aukinga i utslepp tilsvare om lag 270 000 bilar. Dette vedtaket strid imot kommuneet sine eigne mål om 50 prosent utsleppskutt innan 2030. Det er difor uansvarleg å utvide Bergen lufthamn, Flesland, og leggje til rette for utslepp som gjer viktige mål uoppnåelege.
Ei nasjonal satsing på snøggtog er einaste løysing om ein skal ha eit miljøvenleg alternativ til fly. Mange av flyreisene i dag skjer på strekningar som lett kunne vore tilbakelagd med tog. Natur og Ungdom krev eit togtilbod som er konkurransedyktig med fly. Eit betre togtilbod kan i så fall erstatte fly som transportmåte mellom dei store byane. Godstransport på skinner er i tillegg meir effektiv og miljøvenleg enn godstrafikk på veg. Difor må det satsast på snøggtog og dobbeltspor, som vil korte ned reisetida og gjere det meir tiltrekkande for reisande å velje tog framfor fly.
Stortingets klimaforlik fastslår utsleppskutt på 30 prosent innan 2020, og at Noreg skal vera karbonnøytralt innan 2050. For å nå måla for redusering av klimautslepp må transport mellom dei store byane vera miljøvenleg. Difor må tog vera ein essensiell del av Nasjonal Transportplan, heller enn fly. Utbygginga av Flesland lufthamn er ei hindring for å gjere Noreg til eit lågutsleppsamfunn, og ikkje i semje med Stortingets eigne mål for redusering av klimagassar.
Natur og Ungdom samla til landsmøte i Fredrikstad 5.-8. januar 2013 krev at Flesland flyplass ikkje får auka sin kapasitet, fordi utbygginga bryt med klimaforliket og Bergen herad sine eigne planar om å kutta sine utslepp. Fyll måla for reduksjon av klimagassutslepp med handling, og sats på tog framføre fly.
For mer informasjon:
Olav Aga, leder i Hordaland Natur og Ungdom, tlf 41079298