Natur og Ungdoms krav til jordbruksoppgjeret 2018

20.04.2018 av Natur og Ungdom

Natur og Ungdom har følgjande krav til årets forhandlingar mellom staten og bondeorganisasjonane om vilkåra for det norske jordbruket:
1. Jordbruket må i større grad basere seg på bruk av norsk jord, og mindre på bruk av utanlandske ressursar
2. Det må bli lettare for ungdom å kome inn i jordbruket
3. Det årlege jordbruksoppgjeret må vere ein opnare prosess

  1. Jordbruket må i større grad basere seg på bruk av norsk jord, og mindre på bruk av utenlandske ressursar
    Kvart år går stadig meir jord ut av drift, og maten vi et er i større grad importert eller basert på importerte råvarer. Mellom 1990 og 2015 vart talet på gardsbruk redusert frå 100 000 til om lag 40 000, samtidig som jordbruksareal per bruk vart meir enn dobla. Dette fører til ein produksjon som er lausrive frå ressursgrunnlaget, samtidig som fleire område blir lagt brakk og går ut av drift. Dette er dramatisk for kulturlandskapet, der 24 prosent av dei utryddingstruga dyra og plantene i Norge held til.

Natur og Ungdom krev:

  • Det må leggast til rette for meir bruk av beiteressursar der det er mogleg, og mindre bruk av kraftfôr basert på utanlandske råvarer.
  • Mjølkekvoter må i større grad vere basert på storleiken på jordbruksarealet på garden, ikkje talet på kyr.
  • Tilskotet til husdyr må vere differensiert så ein får meir for dei første dyra og mindre for dei påfølgande. Det må innførast eit tak på kor mange husdyr ein kan få støtte til.
  • Det må gjevast tilskot som legg til rette for jordbruk i heile landet, som driftsvansketilskot og tilskot til småskala jordbruk
  • Oppretthalde og styrke målretta og tydelige tilskot til kulturlandskap innan SMIL og RMP
  • Utvide ordninga med Utvalde kulturlandskap til 100 område innan 2020, for å ta vare på våre viktigaste kulturlandskapsområde og villbiene sine levestader.
  1. Det må bli lettare for norsk ungdom å kome inn i jordbruket
    I dag står det norske jordbruket overfor ei enorm forgubbing. Dei unge som kjem inn i næringa vert ofte pressa inn i eit storskala landbruk, og pådreg seg enorm gjeld i ung alder. Dersom ein ønskjer eit norsk jordbruk også i framtida er det viktig å legge til rette for at unge kjem seg inn i næringa, at unge bønder får kompetansen til å drive bærekraftig, og at dette kan skje på deira eigne vilkår.

Det er viktig at den gode jorda går til menneske som faktisk har lyst til å utnytte ho. Alt for mange jordbrukseigedommar vert i dag gjort om til feriehus, står ubrukte, eller blir selde til entreprenørar som legg asfalt over matjorda. Det er viktig å satse på fornybare arbeidsplassar når ein skal bevege seg bort i frå fossilsamfunnet. Det er mange unge i dag som ønsker inn i jordbruket, som representerer ei grøn og bærekraftig næring, om jorda er forvalta på riktig måte.

Natur og Ungdom krev:

  • Investeringsstøtta til nye bønder må i større grad ta utganspunkt i god utnytting av jorda, ikkje berre nybygg og volum. Det må heller gis støtte til eksisterande småbruk, heller enn nybygg av store bruk.
  • Det må tilretteleggast for at det skal kunne vere mulig å drive jordbruk i Noreg på sida av utdanning og anna arbeid.
  • Det må gjennomførast fleire tiltak for å regulere utleige av jord, for å hindre at jordressursane samlar seg på stadig færre hender.
  • Rett til å eige jorda må i større grad knyttast til bruk, og arealgrensene for å søke konsesjon, bu- og driveplikt må senkast.
  1. Det årlege jordbruksoppgjeret må vere ein opnare prosess
    Den maten vi puttar i kroppen vår kvar dag er noko alle i Noreg har eit forhold til. Kor maten kjem frå er også noko som engasjerar svært mange. Likevel er det i dag svært høg terskel for å diskutere spørsmål knytte til den norske jordbrukspolitikken. Mykje av grunnen til dette er at føringane for matproduksjonen i Noreg blir avgjort bak lukka dører. Ikkje ein gong stortingspolitikerane får i dag vite kva som blir diskutert i jordbruksoppgjeret, før det er for seint å påvirke det.

Natur og Ungdom meiner at ein berre gjennom opan debatt og folkeopplysning kan kome fram til dei gode og miljøvennlege løysningane. Dei årlege jordbruksforhandlingane må derfor vere ein opnare prosess.

Natur og Ungdom krev:

  • Primærkrava og hovedkravet til bondeorganisasjonane, samt staten sitt krav, må vere offentlege dokument.
  • Ideelle organisasjonar og andre interessenter må ha ein formell kanal for å gje innspel til forhandlingane, slik at ein kan sikre at for eksempel miljøhensyn i større grad er med.
  • Det må vere meir innsyn til forhandlingane medan dei pågår, slik ein kan ha moglegheit til å påvirke prosessane før det er for seint.