
Regjeringa må skjerpe innsatsen mot plast
Den enorme mengda plast som endar i naturen er eit alvorleg miljøproblem både nasjonalt og globalt. Natur og Ungdom, samla til landsstyremøte 2.-3. juni, krev at regjeringa innfører effektive tiltak for å redusere plastbruken og for å rydde opp i plasten som er i naturen.
Plastforsøpling er eit av dei store globale miljøproblema. Ein rapport frå World Economic Forum skriv at omkring ein tredjedel av all plasten som blir brukt i verda, går ut av materialkrinslaupet og aldri endar opp på avfallsplassar eller blir gjenvunne. Denne plasten endar i naturen, der den har lang opphaldstid, hopar seg opp, blir brote ned i mindre bitar (mikroplast) og spreier seg i næringskjeder og økosystem. Mykje av plasten endar i havet. Plastbitane trekk til seg andre miljøgifter, som igjen skader næringskjedene. Viss denne trenden får halde fram kan det om få tiår vere meir plast enn fisk i havet. Det vil vere eit enormt problem for både naturen og folkehelsa.
Dagens plast krev store mengder petroleumsressursar til produksjon, og oljenæringa og plastprodusentane planlegg å auke plastproduksjonen dei neste tiåra. Ifølge Oljedirektoratet går 19 % av olja Noreg eksporterer til petrokjemisk industri og i hovudsak plastprodukt. Forbrenning av plast er eit stort klimaproblem. Av omsyn til både klimaet er det derfor viktig å erstatte fossile råvarer i plastproduksjon med fornybare alternativ.
Bilkøyring og slitasje av bildekk er den største kjelda til mikroplast i Noreg, og det er ein god grunn til å reise mindre og redusere bilbruken til fordel for kollektivtransport, sykkel og gange. Dagens tekstilproduksjon baserer seg i for stor grad på syntetiske og fossile råvarer, som fører til spreiing av mikroplastfiber når tekstila blir vaska.
Natur og Ungdom er glad regjeringa har styrka innsatsen for å hindre plastforureining. Skal ein ta plastproblemet på alvor trengst det imidlertid sterkare lut. Det trengst tydelege politiske verkemiddel for å kutte ned på plastbruken og dermed hindre ytterlegare plastforsøpling av naturen. Plasten som allereie er i naturen må ryddast opp i. Dersom ein samlar inn og resirkulerer plast vil den fortsett kunne vere eit materiale som dekker viktige funksjonar i samfunnet.
Natur og Ungdom krev:
- Spesielt forsøplande plastprodukt, unødvendig eingongsplast og mikroplast i kosmetikk må bli forbode.
- Bereposar av plast må fasast ut
- Styresmaktene må kreve at plastprodusentar bruker resirkulert plast. Produkta må utformast slik at dei har lenger levetid og kan reparerast og gjenvinnast til nye plastprodukt.
- Nyprodusert plast må ileggast avgift for å drive fram miljøvenlege alternativ. Det må innførast klimaavgifter for å redusere bruken av fossile råvarer i plastproduksjon. Dette må skje i kombinasjon med miljøkrav til dei fornybare råvarene.
- Det må innførast ei forskrift som avgrensar det totale volum av emballasje. Vidare må plast som er vanskeleg å resirkulere, til dømes svart plast, ikkje lenger kunne brukast som emballasje.
- Panten må flasker må aukast til minst 5 kroner. Det må innførast pant på fleire typar emballasje, samt eingongsgrillar. Regjeringa må arbeide for eit felles nordisk pantesystem
- Det må stillast krav til avfallsbransjen om å erstatte plastposar som emballasje for hushaldningsavfall.
- Alle kommunar i Noreg må ha kjeldesortering
- Regjeringa må følge opp Stortingets vedtak om utsortering og materialgjenvinning av plast frå hushaldningar og næringsliv. Det må stillast særskilde krav til gjenvinning av plastmateriale frå bygg- og anleggsavfall
- Ordningane for mottak av skipsavfall må styrkast. Det må etablerast eit system der fiskarar kan levere avfall vederlagsfritt i hamn og på bunkringsplassar.
- Det må settast inn restriktive tiltak på bil for å redusere mikroplastforureininga frå vegtrafikken
- Det må innførast krav til oppsamling av mikroplast frå vaskemaskiner, avløp, kunstgrasbaner og veganlegg
- Midla til opprydding og frivillig innsats må aukast. Kommunane må gjere det gratis å levere avfall frå strandryddeaksjonar
- Det må lagast ein nedtrappingsplan med mål om å avvikle oljeindustrien for å begrense produksjonen av plast
- Noreg må internasjonalt bidra til at ein får system for innsamling og gjenvinning av avfall, særleg i raskt veksande økonomiar
Natur og Ungdom, samla til landsstyremøte 2.-3. juni, krev at regjeringa følger opp med kraftigare tiltak for å hindre at unødvendig plastbruk forsøplar naturen vår.